Verda 1 omhandlar verdshistorie frå dei eldste tider og fram til 1850. Forfattarane tek for seg sentrale trekk ved samfunnsutviklinga, og dei har lagt vekt på dei lange linjene i økonomisk, sosial og politisk historie. Boka inneheld eigne metodeavsnitt og historiske kjelder som er typiske for dei ulike periodene. Etter kvart kapittel følger samandrag og tidslinje, repetisjons- og arbeidsoppgåver, og fordjupningstema med oppgåver.