Læraren Birger Svali døyr når huset hans brenn ned. Kona Toya har tidlegare skulda han for mishandling, og mistanken om mordbrann er vekt. Men fleire har grunn til å teie om fortida, og skuld og uskuld er ikkje alltid lett å skilje. Både venninnene til Toya og politiet kjem i tvil om kva som er sant og kva som er løgn.Mot 70-talets bakteppe av kvinnefrigjering og politisk bevisstgjering avdekkjer politietterforskar Mons Strand ei historie der mange er noko anna enn dei gir seg ut for å vere. Kan han tru på Toya Svali?
"I denne tåka skal eg leite etter spor. Eg prøver å sjå om det finst eit mønster. Om slutten høyrer saman med starten. Var det kanskje ikkje til å unngå, det som skjedde den siste kvelden? Eg må gå gjennom livet, bit for bit, for å finne ut om alt kunne ha enda på ein annan måte. Viss ikkje, er eg fortapt.Den siste engelen er borte. Eg veit ikkje kva eg skal gjere med livet mitt."