Tutta er fe. Ho er tynn og høg, og det beste ho veit er smokkar, i alle slags fargar og former. Thea er òg veldig glad i smokkar. Ho har alltid minst to smokkar med seg, men ofte tre eller fire og i tillegg nokre som ho har gøymt på hemmelege stadar, for å vera trygg på at ho alltid har ein smokk i nærleiken.
Ein dag reiser Thea på ferie, og Tutta legg i veg mot huset med dei mange, fargerike smokkane i.