Slik funkar det! (Innbundet)

heime og rundt omkring : for alle nysgjerrige

Forfatter:

Björn Bergenholtz (Illustratør) Anders Nyberg (Illustratør) Kjell Thorsson (Illustratør) Filippa Widlund (Illustratør) Øystein Rosse (Oversetter)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2016
Antall sider: 93
Illustratør: Bergenholtz, Björn , Nyberg, Anders , Thorsson, Kjell og Widlund, Filippa
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Så funkar det!
Oversatt av: Rosse, Øystein
ISBN/EAN: 9788252192087
Kategori: Faktabøker og Småbarn
Alder: 6 - 9
Omtale Slik funkar det!
Basiskunnskap og aha-opplevingar for nysgjerrige i alle aldrar - les og forstå korleis ting heng saman!

Kan du forklare korleis lyspæra kan lyse, korleis vatnet kan vere reint i alle kranene våre, korleis jordvarme fungerer, eller korleis ein oppbevarte mat før frysen fanst? Om du allereie veit det, finst det mykje anna ein kan suge til seg i denne faktabibelen. Kapitla i boka tek utgangspunkt i eit hus, og vi følgjer vatn, varme, straum, mat og informasjon til og frå huset. Dessutan er det eit kapittel om trafikk og transport, og vi skal også sjå korleis ting såg ut før i tida, og korleis det (kanskje) blir i framtida.

I Slik funkar det! er det mange underhaldande og pedagogiske forklaringar om samanhengar ein ikkje kan google seg fram til. Boka har velskrivne og lett tilgjengelege tekstar og spenstige og gjennomarbeidde illustrasjonar. Her får barn - og vaksne - kunnskap om korleis det nødvendige i kvardagen vår fungerer og heng saman.

Dei klassiske How things work-bøkene er hugsa og elska av veldig mange som las dei i oppveksten. Dette er ei heilt ny utgåve, i og med at mykje har endra seg sidan bøkene kom ut på 1970-talet.

Omsett av Øystein Rosse.

Til toppen