Det er ingen som ser oss her, seier Ole, den nye stefaren til Jon. Jon har hatt ein del av dei. Men Ole er annleis. Han lagar pannekaker, legg frem gymtøy og passar på at det er nok mat i huset til nistepakkar. Han melder seg til og med som trenar for det nye gutefotball-laget i bygda! Og er skikkelig nøye og ordentleg. Han blir til og med med inn i garderoben for å passa på at alle dusjar etter trening. Ja, Ole er verkeleg super. Ein dag spør han om Jon vil vera med på campingtur. Berre dei to! Jon blir flau av glede. Klart han vil! Det er berre det at Ole ikkje er heilt den same på camping som elles. Og Jon er ikkje den same etterpå. Men kven vil tru på Jon når han til slutt fortel det som må forteljast?