Nynorsk på nytt (Heftet)

Serie: LNUs skriftserie 

Forfatter:

, og

Forfatter: , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 211
Forlag: Landslaget for norskundervisning
Språk: Nynorsk
Serie: LNUs skriftserie
ISBN/EAN: 9788245034257
Kategori: Pedagogikk
Omtale Nynorsk på nytt
Nynorsk på nytt er ei bok om nynorskdidaktikk for lærarstudentar og lærarar i grunnskule og vidaregåande skule. I boka presenterer forfattarane forsking og forsøk innanfor opplæringa for elevar med nynorsk som sidemål, og drøftar ulike tiltak som kan vere med på å skape eit språkvennleg miljø i klasserommet og samfunnet. Dei tek også for seg korleis læraren kan legge opp undervisninga slik at det blir meir moro og mindre mas i nynorskundervisninga. Her får læraren tips og råd om korleis ein kan skape motivasjon for emnet, både gjennom gode diskusjonar med elevar og foreldre og gjennom leikorienterte aktivitetar som kan gje stort læringsutbytte. Ideane er retta mot arbeid med nynorsk som sidemål, men kan brukast i all slags språklæring. I denne andre utgåva av boka er mykje av det lesarane har sett pris på i første utgåva, framleis med. I tillegg er det eit eige kapittel om nynorsk grammatikk og språkføring, til hjelp for studentar og lærarar som vil bli betre til både å skrive nynorsk sjølve og til å rettleie elevane sine i skrivinga. Vidare er nyare forsking, forsøk og tiltak sett i lys av fagfornyinga, slik at heile boka er oppdatert i tråd med Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20). Norunn Askeland er professor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg, Ingrid Ertzeid er universitetslektor ved Universitetet i Agder, og Cecilie Falck-Ytter arbeider som lektor ved Solvang skole i Asker.

Til toppen

Flere bøker av Norunn Askeland, Cecilie Falck-Ytter og Ingrid Ertzeid:

Bøker i serien