Verket gir ei kulturhistorisk innføring i det norske landbrukssamfunnet. Forfattarane går mellom anna inn på livsforholda til dei ulike grupperingane i bondesamfunnet, og sjølvforståinga og livsmønsteret ein møter der. Andre tema er interessekamp og politikk og utfordringane for norsk landbruk framover. Regionale skilnader blir trekte fram, samstundes som spørsmål knytte til ulike utviklingsprosessar i samfunnet blir analyserte. I sentrum står heile tida menneska i landbruket og dei viktigaste utfordringane dei har stått overfor.