"Dikta til Falkeid har alltid vore ein kjær følgjesvein for meg gjennom livet, ein ven som traskar bak meg eller framfor meg, og som eg ikkje treng å snakka med. Men som eg gjerne vil snakka med, og det er det eg prøver å gjera i denne boka. Om eg no går i fjella heime i Hardanger eller på heden i Danmark, så er dikta hans der og minner meg om kvar eg kjem frå, og kvar eg skal tilbake til ein gong. Som nomaden og bonden er eg dregen mellom lengsla etter ro og rastløysa si raspande klo. Gjennom å samtala med dikta hans, har eg valgt ut dikt til å ta med seg på livsvegen, dikt til trøyst, og dikt som påminningar."