Klokkene kallar (Innbundet)

tekstar, dikt og songar til jul

Forfatter:

Malin Gyllensvaan (Illustratør)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 168
Illustratør: Gyllensvaan, Malin
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Bokmål
Originaltittel: Klokkene kallar
ISBN/EAN: 9788202671372
Kategori: Romaner og Essays og antologier
Alder: 0 - 100
Omtale Klokkene kallar

Vakker julesamling - utvalg av Ingebjørg Bratland

Med denne boka kan hele familien samles til sang og høytlesning og kjenne at julestemningen kommer.

I denne juleantologien har sanger og komponist Ingebjørg Bratland samlet et utvalg gamle og nye juleminner i form av fortellinger, eventyr, dikt og sanger. Noe er kjent og kjært, noe er ukjent og noe nytt. Malin Gyllensvaan står for gjennomgående og vakre illustrasjoner.

Til toppen

Du vil kanskje også like

Utdrag

Fra Ingebjørg Bratlands forord:

"Det er kvelden før kvelden.

Det luktar fløytekaramell i heile huset, det er 23. desember og julesokken er hengd opp på dørhandtaket inn til det gule soverommet mitt. Der i senga mi ligg eg under dyna og les «Den røde pimpernell», endå mor har sagt eg skal sove no. Det er vanskeleg å sove sjølvaste veslejuleftan. I etasjen over meg, ja faktisk rett over meg, står mor og pyntar juletreet, slik ho alltid gjer. Ho pyntar treet åleine, og frå platespelaren syng Oslo Gospel Choir om englar som syng høgt i kor. Far køyrer rundt i bygda med julehelsingar til venner og familie. Det er aure, molter og mors sursild han har med seg.

Nokon av dei finaste barndomsminna mine er utan tvil frå lesestundene med mor og far og veslesyster mi. Det er akkurat ei slik lesestund eg har så utruleg lyst til at andre skal få oppleve, så difor har eg laga denne juleboka til deg og familien din. Ein juleantologi med tekstar for liten og stor, gamal og ung. Ja, til og med for hunden og katten. Kanskje kan desse tekstane gje deg litt ro i alt julestresset? Ei pause frå baking, julehandling, julefestar, juleavslutningar, pynting og pussing. Eg minnest godt då mor henta fram julebøkene og julehefta heime i adventstida. Det var stor stas å bla i desse bøkene, som berre låg framme denne eine månaden i året. Du veit, det er noko ekstra med slikt som berre blir tatt fram ein sjeldan gong.

Eg håpar denne boka kan gje deg glede, og kanskje trøyst. Eg håpar ho kan røre deg og underhalde deg, om du sit åleine eller saman med andre. Ein god tekst er ei gåve. I denne boka har eg prøvd å samle fleire slike gåver, som eg håpar at du, kjære lesar, vil ha glede av. Ynskjer deg ei fredeleg jul!" 

Helsing Ingebjørg

Til toppen