Ordlista er eit nytt hjelpemiddel for alle som har bruk for å skrive nynorsk av reint juridisk karakter, eller som skal bruke nynorsk i saksbehandling. Ho inneheld over 3700 oppslagsord på bokmål med nynorsk omsetjing, over 1400 bruksdøme, omsetjingar av sentrale ord av reint juridisk karakter og av ord som ofte blir brukte i vanleg saksbehandling samt ord og uttrykk frå mange spesialområde, som prosess, bygg, arv og forvaltning.