Inn i livet 2 (Spiral)

ressursbok for læraren : religion, livssyn og etikk

Forfatter:

, , , og

Forfatter: , , , og
Innbinding: Spiral
Utgivelsesår: 2010
Antall sider: 136
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252175844
Omtale Inn i livet 2
Inn i livet er eit læreverk for RLE-faget 1.-7. trinn. RLE-faget er stort og omfattande, men Inn i livet gir faget struktur og oversikt. Ved å gå frå det nære til det fjerne vil elevane møte kunnskapsstoffet med deira eigen kvardag som utgangspunkt. Gjennom tekstar og oppgåver gir vi elevane eit tematisk og samanliknande perspektiv på religionar, livssyn og etikk. Inn i livet er utarbeidd etter læreplanen frå 2008. Inn i livet 2 Ressursbok for læraren er oversiktleg og lett å bruke. Boka inneheld faksimilar av alle oppslaga i elevboka. Her finn ein forklaringar, konkrete læringsmål og bakgrunnsmateriale til dei einskilde oppslaga og oppgåvene i elevboka. Oppgåvene i ressursboka har ulik vanskegrad, og ein finn oppgåver tilpassa kvar einskild elev og lokale forhold. I tillegg har ressursboka mange kopioriginalar tilpassa ulike læringsstilar. Ressursboka inneheld forteljingar og høgtlesingstekstar til alle emna i elevboka. Forteljingane er språkleg og innhaldsmessig tilpassa aldersgruppa, og ein finn forslag til undervisningsopplegg og oppgåver knytte til tekstane. Ressursboka har også forslag til årsplan og vurderingsskjema for haust- og vårhalvåret.

Til toppen