Ida i Italia (Innbundet)

roman

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2024
Antall sider: 113
Forlag: Oktober
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788249528790
Kategori: Romaner
Omtale Ida i Italia
Kråkene samlar seg i den vesle skogklynga ved huset vårt i skumringa. Eg begynner å forstå at eg har hatt ein barndom, at barndommen min var dette huset, desse menneska, kva dei lærte meg, måten dei var glade i meg på utan å seia det. Eg har ikkje blitt den eg vil vera, ikkje enno, men det er ikkje deira feil. Eg har ein jobb å gjera.

Kva gjer ein når ein ikkje finn plassen sin nokon stad, ikkje eingong i sin eigen kropp? Ida leiter hos den nye naboen, som er bilethoggar, ho leiter i verkstaden hennar, i huset hennar i Italia. Ho leiter i det framande språket, i smakane og luktene, i vinen som ho blandar ut med vatn. Og ho leiter i ei marmorblokk, søkjer etter ei kvinneform i den harde steinen. Idas italienske reise skal setja djupe spor i den unge jenta.

"Ida i Italia" er eit portrett av kunstnaren som ung kvinne, ein klassisk danningsroman i ei stram og moderne form. Ingrid Z. Aanestad skriv med autoritet og opne sansar om den livreddande krafta som kan finnast i kunst og venleik - og om å akseptera det uferdige.

Til toppen

Andre utgaver

Ida i Italia
Nynorsk Ebok 2024

Flere bøker av Ingrid Z. Aanestad: