Nazismen er tema for Kjartan Fløgstads Grense Jakobselv. Den fikk en overveldende god mottagelse.
Vandraren og skuggen hans, handlingsmennesket og opportunisten. Tidleg på trettitalet gjer to velutdanna unge tyskarar eit val, som fører dei til Oslos Victoria terrasse, til Grense Jakobselv, og endå lenger, over grensa. Og sidan over alle grenser, der dei blir herrar over liv og død.
Den andre verdskrigen tar slutt, og blir til kald krig. Sjølv i krigens tåke finst det alltid ei grense mellom godt og vondt. Går dette skiljet framleis same stad? Skremt av forfedranes misgjerningar prøver ein ung nordmann å gjera det rette ved å følgja lover og reglar. Endar han likevel med å gjera urett?
Grense Jakobselv er ein roman om makt og ideologi, om kva krigen endra, og kva som blei attende.
Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Fløgstad studerte arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim ein kort periode, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad bur i Oslo, og er tildelt mange prisar, m.a.:
Nordisk Råds litteraturpris 1978 for Dalen Portland