I den lekre kokeboka får du ei enkel innføring i korleis variera og løfta grauten til nye kulinariske høgder, både til frukost, middag og dessert. Boka inneheld 67 nyskapande oppskrifter og er flott biletlagt.
Graut var på norsktoppen i hundrevis av år, men så vart grauten nesten borte frå kosthaldet vårt. No er grauten på full fart tilbake på tallerkenen. Og graut er mykje meir enn havregraut! Kva med byggraut med heil emmer, frisk pære, skyr, bringebær og rista valnøtter til sundagsfrukosten? Gulrotrisotto med emmentaler, sylta gulrøter og frisk persille til middag? Eller pære og fenikkelgraut med mørk sjokolade, hyllebærsirup og vaniljefløyteskum til dessert?
Grautgründer Lasse Skjønning Andersen har utvida forståinga vår av «graut» og viser at den er noko meir enn traust kvardagsfrukost. Skjønning Andersen har starta populære grautbarar i Danmark. Med boka Graut, som har blitt ein suksess i Danmark, tar han no «grautbølgja» til Noreg.
Lasse Skjønning Andersen er særleg oppteken av det nordiske kjøkenet, både det gamle og det nye, men nyttar seg òg av dei beste oppskrifter frå heile verda i eigne versjonar. Han driv til verdas første grautbar, GRØD, i Jægersborggade på Nørrebro i København.