Garasjeland (Innbundet)

noveller

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 158
Forlag: Oktober
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788249522620
Kategori: Romaner
Omtale Garasjeland
Ein sekstenåring flyttar inn hos faren i Garasjeland, og dei rekordvarme sommarvekene der skal merke han for livet. Den unge mannen i "Oslo" kjem tilbake til heimbyen for å få hemn. Det gifteklare paret i "Den siste øya" har investert i drømmereisa som ifølge operatøren vil gi dei isolation level: High, men er dei heilt åleine? I "Inntrengar" stirer eit norsk par forundra inn på mannen som med spansk lov på si side har flytta inn i feriehuset deira. Polakken i "YNWA" er langpendlar med jobb på vestlandsk fiskeslakteri og ei gryande erkjenning av at Norge er meir enn lykke og frisk luft. "Slutten på historia" skildrar vakkert møtet mellom to tidligare kjærastar ein sur kveld den spesielle våren 2020.

I si tiande novellesamling tar Frode Grytten oss med til Oslo, Bergen, Torrevieja, Sotra, Paris, Las Vegas og det maskuline Garasjeland. Forfattaren viser korleis folk som er drive av lengt og kjærleik og fanatisme, søker fellesskapet, men heile tida med einsemd og isolasjon som like sannsynlige utfall. Som alle drømmarar må dei ta konkrete val og nærme seg andre personar på eit vis som trugar med å rasere illusjonen om det perfekte.

Til toppen