Innhaldet i diktsamlinga er prega av musikalske referansar og er delt inn i satsliknande avsnitt, con variazioni, con amore, scherzo, à la breve, coda. Sjølve tittelen viser til dei spesielle tonana ein kan spela på eit strengeinstrument og som kan liknast med fløytetonar. FLAGEOLETT Med fingrane lint over strengen sender eg dei vâre fløytetonane mellom jord og kvelv no og æva tonar opne, skøyre og vibratolause opp mellom dei kalde stjernene . eit himmelsk dvergmål. Arne Hagen f. 1930 Rjukan Fiolinist, dirigent, komponist, lærar. Har vore grunnskole- og gymnaslærar. Siste 20 år i aktiv teneste som rektor ved Asker kulturskole.