Forfatter: , , , , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2000
Antall sider: 360
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
Originaltittel: Ekko 1
ISBN/EAN: 9788205266636
Omtale Ekko 1
Ekko 1 presenterer den europeiske musikkhistoria frå mellomalderen og fram til år 1900. Folkemusikk - norsk, samisk, europeisk og utaneuropeisk - er òg fyldig omtalt. Boka dekkjer læreplanen i musikkorientering for VK1 på linja for musikk, dans og drama. Ekko 2 dekkjer den tilsvarande planen for VK2.
Geir Brunsvik har hovudfag i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo,. Han er inspektør på Foss videregående skole i Oslo, der han har undervist i musikkorientering ved musikklinja sidan 1976. Han har skrive emneheftet Rokokko og wienerklassisisme (Gyldendal 1985).
Ingrid Anette Danbolt har hovudfag i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo, med fordjupning i fleirkulturell musikkformidling. Ho har òg grunnfag i u-landsstudiar frå Høgskolen i Oslo. Ho har studieopphold på Sri Lanka og i Namibia bak seg, og var fagredaktør for songboka Sikia (Gyldendal (1996), med songar frå Asia, Afrika og Latin-Amerika. Danbolt arbeider som organisasjonskonsulent i Norges Korforbund.
Rannveig Egenberg har hovudfag i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho er hovudlærar i musikk ved Manglerud videregående skole i Oslo og har undervist i musikkorientering sidan 1981.
Ola Graff har magistergrad i musikkvitskap og arbeider som konservator ved Nordnorsk Folkemusikksamling ved Universitetet i Tromsø. Han er kjend frå Nordnorsk Visegruppe, som i si tid fekk Prøysenprisen, og har fleire plateinnspelingar bak seg. Han har arbeidd mykje med forsking om joik, og har mellom anna leidd dit stort internasjonalt forskingsprosjekt om joik på Kolahalvøya.
Leiv Solberg har folkemusikk som arbeidsfelt både som musikar og som programskapar i NRK radio og fjernsyn. Han har hovudfag i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo, og har vore aktiv som musikar og produsent på mange plate- og CD-produksjonar. Leiv Solberg var ansvarleg for CD-samlinga Norsk folkemusikk, som blei gitt ut i eit samarbeid mellom NRK og Grappa musikkforlag A/S.
Hilde Sørnes er cand.mag. frå Universitetet i Oslo og NTNU i Trondheim og har grunnfag i norsk folkemusikk frå Høgskulen i Telemark. Ho studerer til hovudfag i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho er ein aktiv utøvar og har medverka på fleire plateinnspelingar.
Vegar Vårdal har cand.mag.-graden frå Norges Musikkhøgskole i Oslo, mellomfag i folkedans frå NTNU i Trondheim og grunnfag i norsk folkemusikk frå Høgskulen i Telemark. Han studerer til hovudfag i musikk ved Norges Musikkhøgskole. Vårdal har fleire plateproduksjonar bak seg, både som musikar, arrangør og produsent. Han har undervist i folkemusikk sidan 1995.

Til toppen