Du og eg formidlar lærestoffet på ein måte som gir kunnskap, og som stimulerer til refleksjon, engasjement og samtale. Dette er viktige føresetnader for å utvikle toleranse og respekt. Bøkene kombinerer grundig fagleg arbeid med motiverande lærestoff , varierte oppgåver og arbeid med dei fem grunnleggjande ferdigheitene.
I Du og eg 7 lærer elevane om religionane sine heilage skrifter og etikk. Livssynsemnet tek opp bakgrunnen og etikken til livssynshumanismen. Kristendomsemna handlar om historia til kristendommen i Norge, kristen etikk og forskjellige kyrkjesamfunn. Filosofi- og etikkemna er knytt til fire tema: IKT og samfunn, natur og miljø, urfolk og rettar og korleis ein kan grunngi etikken.